
- Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.
Sju dagar i august
Av Brit Bildøen. Korleis leve vidare etter å ha mista sitt einaste barn 22. juli?
Arrangement Navigasjon
Regissør – Morten Borgersen
Dramaturg – Ingrid Weme Nilsen
Skuespillere
Nina Woxholtt, Geir Kvarme, Ellen Birgitte Winther og Øyvin Berven
Om produksjonen
I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto fleire små ulykker. Kvar for seg er dei ikkje så alvorlege, men dei viser korleis livet er i ferd med å slå sprekker; både i heimen, på arbeidsplassen og i vennekretsen. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre eller er det berre eit uttrykk for at ei større livskatastrofe ikkje er skikkeleg gjennomlevd?
Middelklasseliv på Tøyen
Sofie jobbar på Munch-museet som no er bygd i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Kor lenge kan ein dele sorga og når er det ein begynner å leve åleine i si eiga sorg?
Å leve med sorg
I bakgrunnen ligg det ei krypande uro. Det er ei kjensle av frykt, av noko uforklarleg og noko overhengande skremmande. Er det miljøet som er i ubalanse eller er det eit bilde på den mentale tilstanden til ekteparet? Det skjøre og det som brått kan endre retning? Ute er stormane blitt kraftigare, flaum og ras pregar nyheitsbildet og Sofie har fått eit bit i handa. Ho vil ikkje heilt ta inn over seg at det kan vere den nye aggressive flåtten som har bite henne. Er det endetida som nærmar seg, eller er det berre livet som er blitt for intenst? Denne veka i august innser dei òg at livet ikkje kan gå vidare slik som før. «Ein må ha eit blikk som tillet forandring», er dei forløysande orda som endrar retninga på ekteskapet og evna til å leve vidare etter ein slik tragedie.
Brit Bildøen
Britt Bildøen gav ut Sju dagar i august i 2014 og vann P2-lyttaranes romanpris. Ho har sjølv dramatisert romanen for Det Norske Teatret. Lågmælt og klokt skriv Bildøen om ein kvardag prega av sorga over å ha mista sitt einaste barn på Utøya.
7 – 7
7 forfattere skriver hvert år 7 skjønnlitterære tekster etter å ha opplevet kunstproduksjoner i Påske og pasjon. Ida Hegazi Høyer opplevet i 2013 Bibelen på Det Norske Teatret. Hun skrev deretter Ord under ord over scene. Her link til tekstheftet 7 – 7 hvor teksten inngår: http://tinyurl.com/lqyzt2l