Laster Arrangementer

« Alle arrangementer

  • Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.

Påskenatt

5. april 2017
|Andre datoer (Se alle)
Gamle Aker kirkegård

Natt til langfredag 2015 urfremførte forfatteren Maria Tryti Vennerød Påskenatt på Gamle Aker kirkegård. Se film. Les tekst.

Urfremføringen inngikk i arrangementet 12-12 Gamle Aker 2015.

PÅSKENATT

OM DØDEN FØR OPPSTODA,

ELLER JONAS I GETSEMANE,

ELLER OM KORLEIS EIN GUDS UTVALD KUNNE HAMNA I FISKENS BUK
I fiskens buk

1

Når eg ser veggen som kvelvar seg opp bak meg

og over meg:

Når eg ser glimene av lys som sakte strupest

i mørkets kverv:

Nettet av årer og fibrar som tettar seg saman

mot himmelens bukhinne:

Mønsteret av porer

som gøymer meg frå verda

 

Då forstår eg kvar eg er kommen
2

Her er eg

Det er sørgeleg

Men her er eg, på havsens botn, i fiskens buk

og lyset trenger kanskje gjennom, utrøytteleg

 

Nokre gonger sterkt, andre gonger mjukt

Men at lyset eg prøver å skildra, berre er noko eg så vidt

skimtar

eller skaper

Langt borte
3

Eller blodraudt.

At sjølve kjøtveggen rundt meg og i meg

Er svart

 

 

4

Eg er i djupet, no

Alt er fisk

 

Slukt av kvalen, svelgd i havet, kvelt av mitt eige hovmot

Eg er der dei kjem, dei som ikkje høyrer deg, Herre! når du kallar

Dei som ikkje høyrer

når du ber

 

 

5

Eg var din utvalde

Eg er

Eg var

 

Eg er heilt spesiell

 

Korleis kan det ha seg,

at du, som valde meg

til å vera din utvalde,

sende meg hit?
Berre fordi eg har særlege kvalitetar

Særlege innsikter og utsikter

Særlege rettar og plikter

Berre fordi eg er betre enn alle andre –

Må eg straffast til evig pine

fordi eg er så klok?
Fordi eg er betre, skal eg straffast verre

Fordi eg forstår

at eg ikkje klarer å forvalta

din herlegdom

 

 

6

Eg flyt mellom halvtygde krabbar og halvfordøydd fisk

manetar i oppløysing

og krill

Som ikkje kriblar

eller sym lenger

 

Og stanken er sterk,

uuthaldeleg,

Og i svartaste havet utanfor

er håpet forsvunne

 

7

Ikkje som eg vil, berre som du vil, Herre: men det er trongt her!

Klart det er trongt

Viss du kunne gitt litt meir plass

 

Eg forstår eg har svikta

Eg har svikta

Eg har ikkje –

 

Herre, om berre du kunne ta dette begeret frå meg

Eg forstår eg må vera her, som din fange, for eg er spesiell.

Eg har eit heilt spesielt kall og ei oppgåve.

Kall det eit ansvar.

Eg er eit førebilete –

 

 

8

Eg vil tømma begeret, dette begeret, eg skal drikka, visst skal eg,

Eg drikk, eg står og held dette begeret, eg brekker meg, eg klarer ikkje

Eg klarer ikkje, Herre, å svelga denne safta

Som du har gitt

 

Og denne tvilen, denne piskande angsten,

denne nagande evnen til sjølvkritikk og refleksjon er det som adlar meg,

kvar einaste dag.

 

Eg forstår at eg må vera din fange, Herre.

Det er prisen for å vera Profet.
Bøn om nåde

9

Tilgi meg, Herre.

Kan eg få ny sjans?

 

Eg kan ta all verdas vondskap

på ryggen

Eg kan ta all verdas faenskap

På meg

Krig og fornedring

Mangel på rettferd

Menneskas sviktande sjel

Viss det er det du vil
Ja Gud!
Og eg kan møta urett

Og eg kan møta forakt

Og det skal vera rett

For eg er sterk
Men Gud

Trur du dei toler det

 

 

 

Tvil

10

Toler dei meg, viss eg seier dei er syndarar

Toler dei meg, viss eg seier dei har svikta

Toler dei meg, viss eg seier sanninga om menneska

At enden er nær

 

 

11

Vil dei ikkje berre håna meg og seia:

Kven er han?

 

Kva er han

slags Profet, som kjem med dommedag

 

Kven er han

Til med heilag mine, å forkynna truslar vi har høyrt før

tusen gonger?
Vil dei ikkje berre seia:

det blir for lettvint

eg kunne sagt det sjølv

vi veit han har rett, men det blir for lettvint

 

Vil dei ikkje seia:

Det blir for tannlaust,

hyklersk, sjølvgodt,

kjedeleg, politisk korrekt

 

Pietistisk, presteleg, forfengeleg

FORDI VERDA ER IKKJE SÅ ENKEL!
12

Ikkje som eg vil, berre som du vil, Herre

Men

 

Toler dei meg, viss eg seier dei er tilgitt?

Toler dei meg, viss eg fortel om ny sjans?

Toler dei meg, viss eg døyr for syndene deira?

Og seier det er påske?

 

 

Lovnad

13

Havet har sugd alt håp

Havet har tatt all luft

Havet har tatt opp i seg varme og plast

Og er mett

 

Havet har fått nok

Havet vil ikkje meir

Havet er kvalmt, det brekker seg

Held ikkje på føden lenger

 

Gud

Eg saknar den tida då vi var saman

 

 

14

Havet har svelgt nok, vil spy rotenskapen opp igjen

Og kvalen, kvalen vil spy meg opp igjen

 

Herre

Eg er fødd under ei stjerne

Eg gjer kva som helst

 

Herre

Herre, høyrer du

 

Eg er klar

Eg gjer det, viss det er det du krev

 

Herre

Vi to

Kan aldri bli likeverdige

Men eg må bli på høgde med

Min eigen skjebne

 

Viss du verkeleg meiner at det skal ligga på meg

å redda

menneskeheita

Ja då kan ikkje eg seia deg imot

 

 

 

Fisken spyr profeten opp igjen

15

Eg kjenner korleis kreftene samlar seg

nederst i buken

Musklar i svære buntar,

snører seg saman,

Gjer seg små,

og klare for med enorm kraft, å spytta meg opp igjen

 

 

 

På land

16

Her er eg, Herre

Sei meg kva eg skal gjera.

Detaljer

Dato
5. april 2017
Kategorier for Arrangement
, ,

Region

Oslo og Akershus

Arrangør

Påske og pasjon i samarbeid med Sentrum og St. Hanshaugen menighet og Oslo Pilegrimssenter

Arena

Gamle Aker kirkegård
Akersbakken 26
Oslo, 0172 Norge
+ Google Map