
- Beklager. Denne arrangement har allerede funnet sted.
Offeret
Andrej Tarkovskijs film Offeret ble innspilt i Sverige med Sven Nykvist som fotograf. Den fikk juryens store spesialpris ved Cannes-festivalen våren 1986. I desember samme år døde Tarkovskij, knapt 54 år gammel.
Arrangement Navigasjon

I Offeret møter vi kulturjournalisten Alexander og hans familie. Det er Alexanders fødselsdag, han får besøk av venner og nyter familielivets velsignelser. Mot kvelden føres han inn i et mareritt. Krigen har brutt ut, verden står foran sin undergang.
Gave til Gud
Alexander ber til Gud og trygler ham om å bringe verden tilbake til sin førkrigstilstand. Dersom Gud bønnhører Alexander vil han forlate sin familie, avskjære seg fra sin elskede sønn og avstå fra alt som binder ham til verden. Neste morgen finner Alexander verden i sin beste orden igjen, og må følgelig bringe sin offergave.
«It is brilliant and audacious, with one of the most extraordinary final sequences in modern cinema.»
– The Guardian
«To see The Sacrifice after a junk-food diet of Hollywood movies is like ducking out of a carnival to visit a medieval crypt. You are pulled out of time and into a sacred stillness. The images, handsomely sculpted, address themes of life and death and life after death.»
– TIME Magazine
7 – 7
7 forfattere skriver hvert år 7 skjønnlitterære tekster etter å ha opplevet kunstproduksjoner i Påske og pasjon. I 2016 opplevet Brynjulf Jung Tjønn Krigen av Tobias Lindholm på Cinemateket:
kan eg sjå deg
av brynjulf jung tjønn
allereie når du tar på deg den uniformen
og dei svarte støvlane
og går ut av den døra
og inn i den bilen
kan eg sjå deg
gå rundt i den same uniformen
i afghanistan
sandslettene samlar
støv oppetter støvlane
våpenet i hendene
kan eg sjå deg
speidande
samstundes
på vakt
for noen er på jakt
etter deg
og dine soldatar
kan eg sjå deg
slik
kvar kveld eg lukkar auga
kvar morgon eg opnar dei
hjelmen som skal beskytte tankane dine
mot skot, slag
knivstikk
men kva hjelper vel det
viss du tråkkar på ei mine
får kuler gjennom låret, armen, halsen
hovudpulsåra
kan eg sjå deg
død
ja
fleire gonger om dagen
kan eg sjå deg
liggande med raud farge som veks
utover uniformen
kan eg sjå deg
med auge som rullar rundt
med munn som manglar luft
kan eg sjå deg
riste livet ut av lemmene dine
når eg kler på barna
lagar mat
leverer dei til barnehage og skule
kan eg sjå deg
springe for livet
kan eg sjå deg
kaste deg unna ein bombe
mens eg vinkar farvel til det minste barnet
i barnehagevindauga
fleire gonger kvar dag
kan eg sjå deg
ligge på ei båre
og førestille meg
at det bankar på døra
og når eg opnar
står ein av sjefane dine
med lua i hånda
og gjev meg det bodskapet
han bruker heile livet
på å gløyme
eg held alt saman her heime
mens du held alt saman der borte
utan meg
vil familien vår rakne
utan deg
er soldatane dine ubehjelpelege
utan deg
vil alle vere levande blinkar
og her må eg klare meg
utan deg
for
utan deg
må eg halde alt saman
barna må leve med saknet etter deg
eg må leve med saknet etter deg
vi må alle leve med frykten for at du
ofrar deg
dei spør
når kjem far heim igjen
eg svarar
til julaften
og eg tenker
det er nesten som ein adventstid
for kvar dag vi nærmar oss jul
er du eitt steg nærmare oss
noen gonger
kan eg sjå deg
gå rundt på sandslettene
med soldatene spaserande
etter deg
som om alt du fortel dei
er det viktigaste som finst
som om du er læremeisteren
og dei disiplane
du seier til soldatane dine
slik gjer du det
ta vare på sivilbefolkningen
trøyst dei
leik med barna
gi dei tryggleik
stell dei sårande
når du kjem heim til julaften
kan eg sjå deg
stige ut av den bilen
inn den døra
når du lukkar døra bak deg
lar du krigen vere igjen
og fyller huset med fred